På vandring i fjellet (Tuddal)

Kvaliteten på skinn frå spelsauen

Spelsauen har ein unik ullfell. Botnulla er finfibra som den finaste merinoull. Dekkulla som dekkjer botnulla er hol og trekkjer ikkje vatn. Dette gjer at skinn frå spelsauen er veldig  godt egna til sitte- eller liggeunderlag. Det er óg mange som meiner at desse skinna har ein helsebringande effekt. Lindring av til dømes reumatismesmerter. Skinna finst i dei fleste fargenyansane, kvite, brune, grå, svarte og fleirfarga. Mange av skinna har eit symmetrisk fargespel, der dei er mørkare på ryggen og ut mot sidene. Desse skinna er reine kunstverka. 

Kjøp skinna direkte frå produsent. Skinna er bereda av Granberg Garveri as og er vaskbare. Vaskeanvisning fylgjer med. Dette er skinn frå sauer som har hatt det godt og gått på utmarksbeite i Tåråfjell eller ved Hågåvatn i Telemark. Prisar frå kr.1000,- til kr. 1.500,- avhengig av storleik og kvalitet.

Ta kontakt enten via kontaktskjemaet på sia eller tlf. 48266643.