Eg er med i Telemark spelverring, som er den einaste verringen i Noreg som driv avlsarbeid på farga spelsau.
Lamminga skjer i slutten av april, og sauene vert sendt på utmarksbeite i slutten av mai. Beiteområdet sauene går i er Lomtjønn/ Tåråfjell. Sankinga skjer i september.
Skinna får eg tilbake frå Granberg garveri i byrjinga av desember. Utvalet er difor størst på denne tida. Eg har valt å prise skinna etter storleik og kvalitet, slik at den som kjøper skal bli fornøgd.
Ein dag i februar 2011
Ein dag i februar 2011